Hatliste

To ting er herved på toppen av mi hatliste.
#1 Å ikkje få sove når du VEIT du på tidleg opp.
#2 Når ein vil høyre på musikk som ein høyrde på når ein var yngre, og kan teksta på utennat, men ikkje kjem på nokon songar.



Yeah, og her avsluttar me det heile med eitt sitat. Om Cæsar.
"Why should Caesar just get to stomp around like a giant while the rest of us try not to get smushed under his big feet? Brutus is just as cute as Caesar, right? Brutus is just as smart as Caesar, people totally like Brutus just as much as they like Caesar, and when did it become okay for one person to be the boss of everybody because that's not what Rome is about! We should totally just STAB CAESAR!"
 - Gretchen Wieners, Mean Girls




Ny header

Som de ser har eg fått meg ny header. Den er veldig rotete, men det er eigentleg ganske bevisst, fordi eg er ganske rotete. Ja,også kjem den til å endre seg bittelitt når eg får bilete av min gode ven Idun, for ho må da også få lov til å vere med.

Og berre for å vere litt meir spanande sleng eg på eitt spørsmål

Kva skal du gjere i vinterferien?

Legebesøk

Dagen i dag byrja med at eg rakk skulen. Wow. Også for eg til legen litt seinare, for å finne ut om eg hadde kyssesjuka. Etter å ha venta eitt kvarter på å komme inn, vore med legen i 2 minutt, venta ein halvtime på å komme inn på laben og så venta eitt kvarter på resultatet fekk eg vite at nei; eg har ikkje kyssesjuka. Og streptokokkane i halsen er borte. Kvifor føler eg meg då framleis elendig spør du kanskje? Joda, fordi eg har virusinfeksjon.

Kva er ein virusinfeksjon? Det veit eg nok ikkje?
Korleis vert ein frisk frå det? No idea
Smittar det? ....veit ikkje?

eg har ikkje opphavsrett. Ikkje sei det til nokon

Kor mange sunnmøringar...

...ringer til Åsane ofte?

Skal ein tru reaksjonen eg fekk då eg ringde til mammaen til Toril; ikkje så mange. Ho forstod med ein gong kven det var, sjølv om eg ikkje sa det, og eg ikkje har snakka med henne sidan sommaren i fjor. Og om ein legg dette saman med den kunnskapen at eg er ganske sjenert, så må det vere dialekta som avslørte meg.

Mammaen til Toril: <etternamn>
Helle: Hei, e Toril heime?
Mammaen til Toril: Nei, hon ekje komt hem ennå, hon kommar hem sikkert rundt fire. E det Helle?
Helle: Ja. Neijaalso, ej prøvde å ringe hinne, men det jekk ikkje jøna.
Mammaen til Toril: Eg ska si til hon at du har ringt.
Helle: Tusen takk. Hadetbraaa
Mammaen til Toril: Hade

The killer

Ja, no skal eg byrje eit nytt og betre liv. Det involverar mellom anna å blogge. Kva gjer blogging til ein del av eitt nytt og betre liv? Heilt ærleg: Eg har ikkje aning, men eg har litt lyst til å blogge.

På nokren måtar har eg også starta eit nytt og dårlegare liv. Eg har nemleg vorte mordar. Av eklingar. Eller, eigentleg har eg vore det lenge, men no går eg verkeleg inn for det. Eg drep ekle bakteriar bak i halsen min, ved hjelp av Apocillin, som er ein type penicillin, og eg drep ekle maur i veggen med Radar, som er ein type...insektsdrepar.

Får ikkje lasta opp bilete no, men det skal kome, ein eller annan gong.


Politisk vas

Stortingsval i år. Og eg er gammal nok til å stemme. Og eg vil jo gjerne stemme, og kunne være med på bestemme i Noreg. Problemet er berre det at eg ikkje har noko positivt inntrykk av politikken i Noreg. Eg er ueinig med dei fleste parti, på veldig mange punkt, og dei eg er einige med held ikkje lovnadane sine. Forresten er eg ikkje sikker på om nokon held lovnadane sine. Korleis skal ein person klare å stemme? Ja, me er heldige som har stemmerett, og ikkje slit, som visse andre land, men det å faktisk velje er vanskeleg, eg vil seie det er nesten umogleg. Det verkar på meg som om me vel "the lesser of two evils".

Korleis skal ein stakkars syttenåring klare å setje seg inn i alt det politiske? Eg prøvar jo, men eg forstår ingenting. Ikkje er ting logiske, og det at folk har eitt fint smil (som til dømes han her) vil ikkje automatisk seie at ein har rett (ingen kritikk retta mot Solhjell der).

No skal eg sjekke kva eg kan finne ut om forskjellege parti, berre ved å stikke innom nettstadane deira, med eitt lite input av tilfeldige ting her og der. Eg kjem til å fokusere på skule, og nynorsk.

Venstre vil at me skal vere miljøbevisste; "vi vil gi våre barn og barnebarn minst like gode muligheter til ren natur som vi selv har hatt." og dei vil styrke den offentlege skulen "særlig gjennom å gjenreise respekten for læreren og fagkunnskapen." Om eg søker på sidemål på venstre.no så får eg opp berre eitt treff, så no er eg nyskjerrig på kva som kjem til å stå der. "Venstre vil styrke norskfaget og bevare både hovedmål og sidemål. Lærebøker og programvare skal foreligge på begge målformer, til samme tid og pris."

At det er den einaste nemninga av sidemål på sida til eitt kjent parti verkar for meg heilt idiotisk. Og at det som står der er heilt unødvendig. Den fyrste setninga er jo grei, at dei vil styrke norskfaget og bevare begge skriftspråk. Men den andre burde vere unødvendig. Norske elevar har lovfesta rett på lærebøker til rett tid. Me ventar i spenning og ser kva som skjer med nynorskbøkene til hausten.

Til slutt må det nemnast at vevsida til Venstre finst på bokmål og engelsk. Bokmål og nynorsk er dei to skriftspråka som er brukt i Noreg, trudde eg. Forstår ikkje kva ein treng ein engelsk versjon av sida til eitt norsk politisk parti, for.

Høgre ser ut til å ha mykje fokus på mangfald. Alle er forskjellege, og ikkje det same passar til alle. Ein skal ha fridom. Dei er også opptekne av at politikarane ikkje skal gjere så mykje i eitt samfunn. "Når politikerne skal styre alt blir det mindre tid og ressurser til å løse de store og viktige oppgavene. Høyre er opptatt av at det må settes grenser for politikk." Når det kjem til skule gjer høgre det enkelt. Dei vil ha "en kunnskapsskole der ingen elev skal bli hengende etter."

Korleis skal dei oppnå det? "Avvikle detaljerte lærerplaner, og la den enkelte lærer få bestemme metode for å gi eleven den nødvendige kunnskap".

No prøver eg å søke på sidemål på Høgre si side. Eg fekk opp to treff. "Inge Lønning er i tvil om den obligatoriske opplæringen i skriftlig sidemål er et fremtidsrettet bidrag i arbeidet for å styrke norsk skriftkultur, og mener at en større del av opplæringen innenfor norskfaget med fordel kan konsentreres om vår felles nasjonallitteratur." Meir kronglete går det vel nesten ikkje å seie det? Og kva er dette med "Inge Lønning er i tvil" vil ikkje Høgre stå for meiningane til Inge Lønning? Er det eitt "sikkerheitsnett"? Eg kjem ikkje til å forstå meg på dette. Nokon gong. "Om du stryk i fransk er det din feil. Det veit alle. Men om du stryk i nynorsk er det heilt komisk, og utan tvil nynorsken sin feil. Det veit også alle." Skal me sleppe å lære bokmål? Neppe. For me "må" jo ha det, om me skal sende brev til ein offentleg anstalt. Det verkar i alle fall sånn. Om du sender eitt offentleg brev på nynorsk har du krav på å få svar på samme skriftspråk. Det skjer ikkje no. Me har ikkje vondt av å lære to skriftspråk, og dei som meiner at dei gjer det er, unnskuld meg, ein gjeng med sutrete dritungar. Uansett.

Nettsida til høgre er i samme stand som den til venstre.

Sosialistisk Venstreparti. Eg forventar at dei skal vere interesserte i skule, sidan kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er SV'ar. Dei vil "skape en skole som gir alle elever muligheten til å lykkes". Korleis vil dei gjere det? Dei vil mellom anna utvide skuledagen på grunnskulen, og innføre gratis skulemat, i tillegg til at dei vil innføre SFO med gratis leksehjelp. Kvar skal pengane komme frå? Eg har ikkje peiling, og det stod ikkje akkurat der eg såg, heller.

Når eg søkjer på "sidemål" på nettstaden til SV får eg 4 treff. "Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp som må gjelde for alle område i det moderne medie? og teknologisamfunnet vårt. SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og fleire gode norske dataspel for born med norsk språk og innhald. SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud? og sidemål. Læremiddel, både bøker og dataprogram, skal finnast på begge målformer. Forlaga må straffast dersom nynorske læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen. Nynorskspråklege studentar skal ha rett til å få eksamensoppgåver på nynorsk på alle utdanningsinstitusjonar. For å sikre sosial og kulturell integrering av minoritetsspråklege i nynorskområde må det utviklast fleire og betre læremiddel på nynorsk for dei.

Eit særleg viktig tiltak for vidare styrking av nynorsk er eit allment leksikon på nynorsk på internett. SV vil òg, som mållova seier, styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege. SV sluttar opp om arbeidet med ein norsk språkbank.

SV vil arbeide for at dei samiske skriftspråka blir sikra ei levedyktig utvikling. Minoritetsspråka i Noreg må òg få høgare status i det offentlege rommet."

No gidd eg ikkje fleire parti.

 

Veit du mykje om norsk politikk? Skal du stemme i år?

Jiiln

For 18 år sidan, i dag, vart det født ei lita jente i gokk. Atten lange år har gått utan om at eg har blogga om henne, så no var det jammen meg på tide, sant? Stakar vesle jenta, som måtte gå så lenge utan å verte blogga om. Den vesle jenta, som no har vorten stor, heiter Toril. Ho har, som de kanskje forstod, bursdag i dag, og då skal ho gjere mykje rart. Ho skal for eksempel vekke meg, snakke med meg, og le med meg. Også skal ho køyre opp og noko dritt og då.

Toril er eigentleg ganske viktig for meg. Eg snakkar med henne kvar dag, og tykjer eigentleg det er litt lite (sidan eg ser henne så skjeldan). Eg skal besøke henne. Om under ein månad er eg faktisk på besøk med henne. For andre gong i heile mitt liv. Det er for lite.

Ho er ein person eg kan snakke om ALT med, og eg trur ho er den som kjenner meg best av alle. Men sjølv om ho kjenner meg så godt som ho faktisk gjer så gidd ho å snakke med meg, og eg trur (håper) ho likar det og. Ho kan le saman med meg, og trøystar meg når eg syt til henne. Det er ganske viktig for meg. Det med trøystinga liksom. Ho viser veldig godt at ho bryr seg.

Eg likar kjempegodt å snakke med henne, og eg håpar ho aldri vert lei av meg.

Eg skriv ikkje så mykje, fordi det er så mykje å seie og eg er ikkje så flink med ord.

Toril <3

Neste innlegg vert kanskje politisk.
Stikkord:

Eksamen i dag

Jess, du las rett. I dag hadde eg tverrfagleg eksamen i mediefag (framføringa var i dag). Eg var eigentleg veldig nervøs, for eg ville så gjerne ha bra, men hadde ikkje særleg trua på at det kom til å gå bra. Så etter ei framføring som eg følte var litt haltande, og eitt dumt spørsmål om blendaropning og nokre andre spørsmål så var eg eitt nervevrak når eg venta på karakter.

Men, då eg kom inn fekk eg vite at eg hadde ein bunnsolid 5'ar. Eg vart så klart kjempeglad, spesielt etter at Håvard skraut litt av at eg var journalist og hadde stålkontroll på nokre greier. Supert =D

Skal skrive om Toril ein annan dag.

Har du vore nøgd med eksamensresultat?
Stikkord:

Marit

Eg vart utfordra til å skrive eitt langt innlegg om Marit. Nøyaktig kva eg skulle skrive sa ho ikkje, så eg må vel finne på det sjølv.

Marit er ein av mine beste venar, til trass for at eg berre har møtt henne ein gong. Dette fordi ho bur i Skien, ein stad eg har vore to gongar i heile livet mitt. Og fyrste gongen eg var der kjende eg ikkje Marit så godt som eg gjorde andre gongen. Andre gongen derimot! Då snakka eg ein del med henne på telefon på veg nedover, men ho hoppa i dusjen på tidspunkt som ikkje passa meg. Det gjer ho forresten alltid. Nesten kvar gong eg skal snakke med henne så skal ho dusje, er i dusjen eller liknande. Eller er på fotballtrening. Men tilbake til Skien. Me møttest der, og det var litt skummelt. Å møte ein person ein har snakka mykje med er litt skummelt. Eg får alltid ein sånn "ånei, tenk om ho ikkje likar meg etter ho har snakka med meg"-kjensle. No kan eg jo ikkje vite om ho fekk ein sånn kjensle, men eg trur ikkje det, for ho er ikkje typen til å late som om ho likar nokon sjølv om ho ikkje gjer det.

Marit er flink til mange ting, og mange ting kan eg ikkje heilt ærleg seie at eg veit 100% sikkert at ho er flink til, men eg veit det 99.9% sikkert. Ein av dei tinga er fotball. Marit spelar på Fossum, og er kjempeflink. Eg har aldri sett henne spele fotball, men likevel. Eg har då høyrt ein del ting, både frå Marit og andre. Og ho hadde ikkje vore på 1.laget om ho ikkje var superflink, som ho er (for Fossum er eitt ganske bra fotballlag).

Ein av dei tinga eg veit 110% sikkert at Marit er kjempeflink til er å skrive. Ho skriv nemleg ein del, og eg er så heldig at eg får lese det ho skriv. Ho er heilt fantastisk på skildringar, og det å kome på karakterar og handling. Kvar gong eg leser så sit eg der berre "WOOOW! Går det verkeleg å vere så flink?" Eg skal heilt ærleg innrømme at eg er ein anelse misunnleg på Marit. At ho klarer å skrive så bra, og så langt er heilt fantastisk. Eg elskar å lese det ho skriv, og gler meg til neste gong eg får lese "Mer enn en fotballkamp". For det heiter det ho skriv no.

Eg skal møte Marit att i sommar, før eg skal på leir på Notodden, og eg gler meg kjempemykje til det. Også kjem ho til Ålesund i August, og då skal eg og ho på fotballkamp. Ålesund - Odd. Og eg skal heie på Odd, saman med Marit. Det er ikkje det at eg ikkje heiar på Ålesund som er stort (alle som kjenner meg veit eg heiar på Brann), meir det faktum at eg skal heie på Odd. Eitt lag eg eigentleg ikkje bryr meg sånn kjempemykje om. Og heiinga er vel ikkje så viktig heller. Det som er viktig er at eg får tilbringe tid saman med Marit.

Eg likar så godt å snakke med Marit, for ho får meg i godt humør. Sjølv om ho somme tider ikkje forstår kva eg seier. "Hæ? Hva sa du?" "Hvorfor snakker dere om eple?".

Marit er ei av mine beste veninner, og eg er kjempeglad i henne. Takk og lov for Potter2, for elles hadde eg ikkje kjent Marit.

Skal eg skrive om nokon andre?

Guess who's back

Ja, om de ikkje klarte å gjette det utifrå tittelen så er det altså meg. Skal prøve å poste litt ofte, og ein eller annan gong fikse ein kul layout. Ein gong. Ikkje i dag.

Eg har tverrfagleg eksamen i media, og skal framføre i morgon. Kjempeskummelt. Ønsk meg lukke til, vær så snill. Skreiv ein featureartikkel om ju jitsu, og vonar at det var bra nok til å få ein god karakter. Synst det er litt skummelt, for eg skal liksom ha litt peiling på avis, og det hadde eg ikkje. Og eg kjem til å verte überskuffa om eg får dårleg, sjølv om eg prøver å førebu meg på å ikkje få kjempebra. Heller vere førebudd på ein dårleg karakter og få ein god ein, enn å forvente bra og få dårleg.

Og sidan så mange andre skriv spørsmål på slutten, så heng eg meg på:

Kva har du, om du har, eksamen i i år?
Stikkord:
Les mer i arkivet » Mars 2010 » Februar 2010 » August 2009
hits